mandag 12. januar 2009

I be tired...

I går vart mobilen min rein. Eg hadde klart å gløyme den i ei jakke som eg va flink å skulle vaske "great". Men etter alt mobilen min har vert gjennom trur eg den har blitt bortimot immun mot ALT! Anyways, senare fann eg ut at i same vasken hadde eg lagt ei splitter ny ulljakke inni, og vaska på 60 grader... Ja, du kan jo lure på korleis det gjekk. No passar jakka (-armane)inn på eit A4 ark! Herregud så flink eg e. I følge mamma har vi ULLPROGRAM på vaskemaskina, men ikkje mobilprogram :p

I dag begynnte ikkje skulen før kvart på 11, men sia eg måtte reise heimaifrå og busstilbudet e som da e måtte eg opp klokka kvart på 7 i dag... Heldigvis går bussturen mykje bedre no når eg har min beloved iPod, med musikk, family guy og TOWER DEFENSE <3

1 kommentar:

Anonym sa...

Lucky bastard indeed! :) men no begynner det å minke radikalt her. Litt småeting her, og litt småeting der blir storeting over lang tid, har eg rekna meg fram til - og den eksponensielle nedgangen er fysisk mogeleg å bevise. Æsj, matteprøve i dag (det skjønte du sikkert)! :P

Eg må forresten seie at eg har sikla over den daim-kakaoen din i eit tidlegare innlegg. I fleire svake augneblinkar har eg nesten spurt om ei meir detaljert oppskrift, før eg har tatt meg sjølv i nakkeskinnet (som Helge Skagen ville ha sagt) og sagt: "Nei, Oda, dette treng du ikkje." Noko som er litt for sant til at eg kan forsøke å stikke det under ein stol.

Ha ein framleis fin kveld. :)