torsdag 23. juli 2009

15075 kr for ein kinobillett ?

I dag har eg og pappa lærekjøyrt fram og tilbake på grusveien her heime, og eg haaar så lyst ut på hovudveien, men trur ærlig talt at det ikkje går bra. Vanlegvis ser alle bilane ut til å gå på skinner som aldri kan gå gale. Men alle i kvar bil er det individuelle kjøyrarar som når som helst kan finne på nåke sprell. Synest faktisk det er overraskande få ulykker på veiane eg, med tanke på så mange uoppmerksome folk det er der ute.

I heile kveld har eg og Solfrid prøvd å spele AOE over Garena, men sjølvsagt kan det aldri gå bra! Ahr, men det e det som skal til for å verte gla når det faktisk fungerar. (guh så positiv eg er i dag!)


I går va eg og Lovise på kino som var veldig kjekt. Men eg synst litt synd på han som måtte ved uhell ut med 15075 kr for billetten og enda opp med å sitte på ein pinnestol xP