onsdag 16. april 2008

BooOoing

Naturfagprøva e då ute av verden. det var då den SISTE naturfagprøva for i år og vi har ikkje naturfag på eit heilt år! Naturfag e jo faktisk heilt greit, ivertfall emd dei timane vi har! Litt humor en gang i blandt og lange diskusjonar med læraren om forskjellige legningar, t.d. folk som tenner på TRE. "Eg skal ut i skogen og møte bjørka"

Jaujau. Vurdera å skifte gjennomgangsfargen på profilen min til grøn. Elska grøn (limegrøn ofc), men må då lage ny heading og sånnt. Da gidde eg ikkje, vertfall ikkje no, eller... får sjå ^^,
Vi har 2 veker igjen på Prosjekt Til Fordjuping(aka PTF), og så smart som eg e valgte eg TO oppgåver... Utruleg smart...
For dei som ikkje veit det, har eg valgt mediedesign til fordjuping. Må berre seie at Medium og Kommunikasjon må vere den lataste linja EVER. Sitte i ro heile tida, og to ganga i veka går vi opp ei FÆÆL trapp! (skal ta og ta bilde av den en gang) Vi har til og med trillestolar så vi trenge ikkje gå når vi skal rundt om i klasserommet. Her snakka vi latskap. Eg og Ragnhild, vi e ikkje vannt til sånn "luksus." E no gla berre vi har ein plass å sitte. Så no skal vi kanskje få nye stola fordi stolryggane er så dårlige... E no bedre enn pinnestolane vi satt på på ungdomsskulen! :p

Skjønna egentli ikkje vitsen med blogg, altso greitt visst du e utanlands og skal vise venner og familie ka du drive med, men altso e de virkelig så interessant å lese ka en person har gjort gjennom ein dag? Hallo, kan heller møte venner å snakke enn å sitje å lese om det. Kanskje eg skal slutte med dagbok aktig logg? men har ikkje nåke anna å skrive om...
Vil lage sånn bilde blogg, men har ikkje skikkelig kamera :( Kanskje eg skal spare til speilrefleks! Maybe I will!

Der va skulen slutt, og no verte da møte med Tom i kantina. Oss hybelbuarane... Snakkast!

tirsdag 15. april 2008

Kreta

No har vi då endelig fått tilbake internett på hybelen, og gjett om eg e glad for det! Fannt nåken bilde på stasjonære i dag i fra Kreta i sommar. Va jo kjempefint, men varmt! Hadde vert hetebølge og opp til 45 grader veka før... Uansett, tenkte eg skulle redigere eit par bilder. Berre elska det bildet med oda! Genialt fjes! Kjempefin tur, men skulle gjerne hatt med meg nåken.

Eg har som vanleg lyst på sjokolade, men eg vart inspirert av Julia til å kjøpe fiskepinnar. Så i dag blir den ein relativt sunn (sunnare enn vanleg vertfall) middag i dag! Og så flink eg va som klarte å glømme naturfagboka på skulen, blir eg nødt til å ta prøven som den kjem (a) ). Men no har eg begynnt å få passe vondt i ryggen etter å ha låge veldig skrått i senga med pc'n på magen. Så ha ein fortsatt fin dag!

WTB internett

Er no på skulen her det finnst INTERNETT! Satt i heile går kveld uten internett og redigerte bilder i Photoshop- Herregud til lenge du kan sitte å gjere egentli ingenting. Rart å tenke til bake på kor dårlige bilde eg eigentli tok berre for litt over ein halvt år sidan. Berre tanken på å gå rundt med eit kompaktkamera skjære i hjertet. Kan jo ikkje overleve på Vassenden uten internett!

No e de berre 70 DAGA igjen til HOVEFESTIVALEN ! Eg gleda meg som ein liten unge! And guess what; In Flames skal! Og visst dei skal, skal eg! No har eg blitt utnevnt til planleggings/transportsjef, så snart blir det full planlegging! Blir ein super start på sommerferien, som berre er 2 måna til! GLEDA MEG!

Skal no i to tima jobbe med bloggen sjøl om de e nydelig vær ute. Fe-lotte greier som Trude seier. Oooh! får stipend i dag! Jammen på tide... Skulle ikkje mange dagane til før eg hadde vert uten mat. Åsså har vi naturfagprøve i måra. Yesyes, fordøying, Epitlitceller og Pyrodruesyre or something. Jaujau, går vel bra!

Wish me luck :)

søndag 13. april 2008

@ home

E no endelig heime på den flotte hybelen min, Vassenden City! Her er det ivertfall noke lunde stabilt nettverk i forhold til heime, der ein ikkje får levert skule oppgave pga det stygge nettet! Anyways, ny veke, nye ting, nye opplevelsar... Det e selfølgelig tilbake til rutinene. Livet går vidare med mykje BUSS køyring, men no går det jo mest i Ringenes herre og andre filmar, så får no ivertfall nåke godt utav turen.
Etter å ha gått med In Flames strømmande inn i øyret heile helga, har eg berre fått konstantert kor GENIAL musikk dei faktisk laga! Eg har og funne ut ein teori om at dei som nødvendigvis ikkje likar slik "bråkemusikk" (nei, det er ikkje bråkemusikk!) høyrer alt på ein gang og høyrer på avstand. Derimot dei som likar denne type musikk høyrer kanskje alle laga av instrument og korleis dei komplimentera kvarandre i en genial samansetning. Enkelte treng den eine melodien som går uavbrutt framover, og likar å ha kontroll på alle instrumenta. Dette er sjølvsagt ein litt tvilsom teori sia det ikkje går an å plassere folk i bolkar som det, men eg trur det kan vere eit poeng her. Eg er ivertfall overbevist om at alle kan lære seg å like band som In Flames om ein berre set seg ned å høyrer. Men alle har forskjellig musikksmak, og det er BRA!

"Keep your nose out of trouble, and no trouble will come to you."
-Gaffer, LOTR

onsdag 9. april 2008

Supernynorsk?

Har no bestemt meg for at e IKKJE skal skrive "supernynorsk" vanlegvis kalla "korrekt nynorsk" på bloggen min, men nynorsk blir da! Så visst du ser eit par engelske ord innimellom, take a chill pill.
Helle på å bli litt lei av å sitte forran datan og jobbe time etter time med dvd cover, alt og ingenting. Vi såg faktisk SOLA i dag! That's right...Flott med litt etterlengta varme på dinna kalde plassen. Satt faktisk ute lenge og las i går -heilt utrulig. Ringenes herre må vere det beste verket som nåken gang e laga(må lesast på engelsk, ellers får du alle dei "supernynorske" orda som smyagol, skuggfaks og husbond). Skal ha sjukt god fantasi om ein skal klare å finne på nåke sånnt!
Btw, klassen skal i dag på Sognamovie, og vi gleda oss kjempemasse til å flaue oss ut med dei "fantastiske" filmane våre. Blir kjempeflott å se bommen og dråpene på linsa på storskjerm! Uansett, det kjem vel til å bli ein fine tur.
Var i Førde på mandag, og gjett ka dei hadde fått inn på Spaceworld (ikkje på TiTi grrrr..) - nemlig A Sense of Purpose (nye albumet til In Flames visst ingen visste det)! Det redda heile dagen og heile kvelden gjekk med til å høyre gjennom om igjen og om igjen. Ikkje heilt fornøgd med stemma til Ander Frièden, men hallo, In Flames e berre heilt INSANE bra! Wipe i Gruul e faktisk ikkje så gale når man fylle øyrene med musikk! Gief t4-shoulders, men droppa dei? Nei! ("veldig" interessant for dei som ikkje spela wow).
Ja, eg bruka masse ironi. Berre sånn eg e. Blame my mom. Mamma e en virkelig rar person (ho og alle dustbunnieane sine -ikkje spør..) men gla i ho for de. Og maten!
Ja, hybellivet går no sin gang. Pretty much berre rutiner: pakke ut - sove - skule- data - sove - BUSS -jobb - BUSS - allmenndag - BUSS - sove - BUSS. Bli så sjuuukt lei av busskjøyring etterkvart...
Endelig friminutt! Ut i vårlufta (VELDIG stor forandring frå lufta i klasserommet..)! Etterpå e de to tima med teori (altså mediekommunikasjon, ikkje sånn kjedelig teori som folk på ALLMENN har! ). Åsså e de 2 tima med BUSS til Sognadal.
Snakkast!
/btw, visst du gadd å lese gjennom alt ditta, må du virkelig kjede deg :) )

torsdag 3. april 2008

Gief sjokolade

Endelig kommt heim etter to og ein halv time med dansing og ungar. Sitter endelig forran datan og ete ein heil pakke druer. Tenkte eg skulle skrive litt her før eg gjere "daylies" på wow, men kan ikkje bli meir irritert på internett som hoppa inn og ut!
Fekk ikkje installert CS3 på datan i dag, skikkelig nedttur, men får nøye meg med CS2. Går eigentleg heilt fint. Allmenndag i morgon, gledar meg "kjempemasse," og så sleppe In Flames nytt album kalla "A sense of purpose!" Har vert på nettet i rundt en måned, men eg har klart å styre unna. Det kalla vi viljestyrke!
Apropos viljestyrke, fekk veldig lyst på en sjokolade!

God kveld!

Hei!

Hei og velkommen til mi side.

No har eg laga meg blogg i samband med ei skuleoppgåve. Kjem til å legge inn fleire innlegg snarast.

Ha ein fin dag!