onsdag 30. september 2009

EFFEKTIVITET !

novelleANALyyyyse !

torsdag 24. september 2009

What a day !

I går la eg meg halv 10 (!) og likevel klarte eg å forsove meg. Eg sprang alt eg kunne til bussen, men hørte den kjøyre rett rundt hjørnet. Phew... men så va de eigentleg ganske greitt på skulen i dag og eg fikk kake og kaffe og alt var bra. På bussen heim så eg melding frå hybelverten som forlangar at vi må betale 6000 for eit vindu som er øydelagt !!! (ja eg brukte heile 3 utropsteikn!) Eg som har så vidt nok til mat, har ikkje sjangs å skvise ut nåke meir peng :(

Så har eg jobba med foto - nesten ferdig ! Etterpå kom mamma opp med den mystiske pakken fra Amerika. Ooooog heilt utan bestilling eller betaling fekk eg Jesterhead pakken med In Flames t-shorte + div :D:D:D I tillegg tok mamma med seg nybakte bolla *nomnom*



Så eg kan seie at dagen gjekk i balanse. Problemet blir framover når eg ikkje har råd til mat ! :o

onsdag 16. september 2009

freakin sweet !

Til tross for dunkinga i hauet og tette nasa er eg glaaad. Say what ? Etter ein onsdag full av almennfag og igjensitting på skulen med verdens "beste" redigeringsprogram e eg i topp humør. How do i do it ? (mistenke nåken for å proppe i meg lykkepiller...) Men trur det begynnt med Pink Floyd på bussen, som var det einaste som gjekk an å høyre på med tungt haue...Då føltes alt uvirkelig og fint :)


Så menst eg gjekk heimover fra bussen tenkte eg på hin dagen eg tok bilde. Eg som trudde eg var aleine , hoppa rundt(bokstaveleg talt!) og tok bilde av kumlokk i regnet. Men rett bak meg va det nåken som nesten ikkje klarte å halde seg med å le ut høgt. Då vart eg gla. Det var så morsomt at eg gjorde nåken sin dag litt meir interessant :p No sitte eg og drikker te i glass med sitronskiver, som eg må seie ser særs fancy ut, og har Ragnhild som DJ :D

Og sjøøøl om eg sitte og skal skrive novelle, som er noko av det verste eg veit, så har eg ikkje vert så fornøgd på lenge :) og avsluttar med "...glory, glory what a hell of a way to diiiie !" (den sangen gjer meg så glad :))

torsdag 10. september 2009

RUSSEKORT

Designa russekort, godkjent ?

lørdag 5. september 2009

Frp gir F i lokalpolitikken

I dag har eg og my brother V. Vi har laga masse vårrulla og innbakt kylling som var nyyydelig, måtte sjølvsagt prøvesmake innimellom. Gaularmarknaden blir faktisk verre og verre, men ungdommen må vere flinke å støtte opp om lokalmiljøet. Så har team V and the bird laga litt politikk opprør. Som tradisjon har alle partia standar på marknaden, og gjett ein gong kven som ikkje stillte opp? Vår alles Frp. Så vi invaderte det avmerka området med Ap-roser, Sp ballongar og Sv karamellar. Dei raudgrønne tar over Frp ! Mission complete.

Aaaai need a photo-project! Feel free to come up with ideas :)

onsdag 2. september 2009

Boller og brus

Etter ein nokså normal dag på MoJo vgs, har 3mka laga seg eit flott image ! :)

Etter skulen hjelpte eg Solfrid med å flytte inn på hybelen sin. Det vil sei fra eit rom og til rommet ved sidan av. Det var ei SÆRS omfattande oppgåve. Med masse effort, og godvilje klarte vi det på rundt 3 min ! Flinke folk. Deretter lagde vi sjokoladebollar, som ikkje gjekk på 1-2-3 ! Det produsenten av desse merka hjelpe oss med er å blande sammen kardemomme, mjøl og sjokoladebitar. Er ikkje så masse tid ein sparar når bollane likevel må heve i 60 min.

Ja, eg er flink til å skrive traurige innlegg, but Im doing this for you Trude ! You better read it.

Peace and out...

(ps. ekkelt gif bilde laga av nokre NOLDUSAR (viser til Uti vår hage 2))

tittel

*blogg-innlegg goes here*

Good enough for yah Trude ? :D

onsdag 5. august 2009

Taste of Chaos !

Yeeeeey ! Good news people, In Flames skal til UK/German tour til høsten ! :D:D:D Det betyr at eg skal begynne å spare pengur :) Iiiiiik!


Eg og mamma har nett vert på sopptur av alle ting. Eg tenkte eg skulle ta litt bilder, men va ikkje så veldig inspirert. Likevel va de ein koslig tur i skogen, og jah...no har eg vert aktiv 2 daga på rad ! :o

2 veke igjen til skulen begynne og eg føler sommarferien har gått veldig fort, men then again det blir moro å sjå dei nye førsteklassingane, de kan vel ikkje bli verre ?:P


mandag 3. august 2009

Pale eyes in the dark...

Mange synest å ha fobi for padder e veldig merkelig og teit. Dei e jo berre små harmlause reptil... og eg e einig at det høres teit ut, men gush til ekkelt.

Ein mørk kveld, det er kaldt og du høyrer lusking i graset. du har kun deg sjølv og ei sveivelommelykt. Du veit dei e der, du veit du må komme deg heim, og du veit det e heilt for jævlig. Alt ser mørkt og klart ut, men før du veit ord av det er det ei rett framfor deg. Ka skal du gjere ? Dei er raske... er den langt ute til eine sida går det fint; sping så fort du kan forbi medan du beer om at det ikkje er fleire forran deg. Så står det ei planta midt i veien... Du er fucked. Du høyre den bak deg krype nermare og du ser at framfor deg stoppar aldri dei slimete beista. Den bak deg begynne å hoppe nermare med lyden av ei hand som vert smellt mot den harde grusvegen. Du høyrer dei overalt i graset som kryp seg mot vegen. alle du ikkje har kontroll over. Og den som står i midten forran deg vil ikkje rikke seg... Har du høyrt lyden av ei padde verte trakka over...you dont want to. underlaget er plutseleg ikkje hardt lenger og eit langt, hult utpust under deg, og nei...det er ikkje sikkert den er dø ! isch isch ! og du har fleire hundre meter igjen å gååå !

Det e ikkje akkurat triveleg.



Ja, eg måtte få det ut. Kom nettopp heim fra Haugane og eg har aldri sveiva den lommelykta så intenst som i kveld. Blæh !

Nok om dei fæle beista, og over til nåke heeeilt anna; Sjokoladepai ! I 2 daga har gjengen i gata (meg og the twins) prøvd å lage sjokoladepai. Med mykje fram og tilbake, mangel på indrediensar og oppdrag:melis, har vi endelig laga nåke som ser ut som på bildet i oppskrifta ! Den var ikkje heilt som eg tenkte men føy den var god :)

Solfrid on the other hand, meinte den var litt for "voksen". Job well done !

Åååg so, skal me til Førde i måra - kl 11 ! phew, de e tidleg men eg skal klare det ! Eg begynne å bli litt overtrøtt, eller så e det berre paddeskrekken som sitt iigjen etter heimturen...

BTW : skytespel e farlig underhaldande !

Den som gadd å lese heile det ubrukelege innleggget har lite å gjere på...

torsdag 23. juli 2009

15075 kr for ein kinobillett ?

I dag har eg og pappa lærekjøyrt fram og tilbake på grusveien her heime, og eg haaar så lyst ut på hovudveien, men trur ærlig talt at det ikkje går bra. Vanlegvis ser alle bilane ut til å gå på skinner som aldri kan gå gale. Men alle i kvar bil er det individuelle kjøyrarar som når som helst kan finne på nåke sprell. Synest faktisk det er overraskande få ulykker på veiane eg, med tanke på så mange uoppmerksome folk det er der ute.

I heile kveld har eg og Solfrid prøvd å spele AOE over Garena, men sjølvsagt kan det aldri gå bra! Ahr, men det e det som skal til for å verte gla når det faktisk fungerar. (guh så positiv eg er i dag!)


I går va eg og Lovise på kino som var veldig kjekt. Men eg synst litt synd på han som måtte ved uhell ut med 15075 kr for billetten og enda opp med å sitte på ein pinnestol xP

tirsdag 21. juli 2009

Fridag,

vart ikkje fridag allikavel. Doh

Men eg har tent peng så de va ikkje den største nedturen. Har veldig lyst på ferie sjøl om eg har hatt "ferie" allerede. Mih !

I helga va det dansefestival, og til tross for musikken vart det ein utruleg hyggeleg kveld! No skal eg snart på kino med Lovise, da blir kjekt :)



Flottaste logoen noken gang eller ka ?

lørdag 18. juli 2009

Apekatt

Sjokoladekake etter mange tima på jobb = Duuuuracellkanin :)